Helsestasjon

Opningstider og kontakt

  • Telefon: 56 58 91 05 / 48 89 32 12
  • Leiande helsesjukepleiar: Aslaug Singelstad, 100 % stilling
  • Helsestasjonslege: Marianne Lundervik Bøthun, 10 % stilling (annankvar torsdag)

Helsestasjon for born 0-5 år

Når du har født eller adoptert eit barn vil helsestasjonen ta kontakt med deg og avtale tid for heimebesøk. Nytilflytta familiar vert oppfordra til å ta kontakt med helsestasjonen.

Målet med helsestasjonsprogrammet
  • At foreldre opplever meistring i foreldrerolla
  • Å bidra til godt samspel mellom foreldre og barn
  • Å fremje fysisk, psykisk og sosial utvikling hos sped- og småbarn
  • Å førebyggje, avverge og avdekke vald, overgrep og omsorgssvikt
  • Å avdekke fysiske og psykiske utviklingsavvik tidleg
  • Å bidra til at barn får oppfølging og henvisast vidare dersom det er naudsynt. 

Orientering om journalføring

Helsestasjonen pliktar å føre journal med helseopplysingar. Journalføringar vert gjort på bakgrunn av kva helsepersonell pliktar å skrive ned, og på bakgrunn av kva dei ut frå ei fagleg forsvarleg vurdering finn naudsynt og hensiktsmessig. Journalen skal i hovudsak bidra til kvalitet og kontinuitet i behandling, slik at barnet får best mogleg oppfølging på helsestasjonen. I sped- og småbarnsalderen, og så lenge det er naturleg, er det dei føresette som ivaretek rettar barnet har som brukar av helsestasjonen.

Innsynsrett, overføring av journal og nasjonalt vaksinasjonsregister

Innsynsrett

Føresette har som hovudregel rett til innsyn i samtlege opplysningar som omhandlar barnet. De har også rett til kopi av desse opplysningane. Ved utskrift/innsyn av journal får de tilbod om gjennomlesing saman med fagperson.

Overføring av journal

Hovudregelen er at journal skal overførast til ny helsestasjon ved flytting. Dette for å sikre ein fagleg forsvarleg oppfølging. Har de spørsmål i forbindelse med oversending av journal, kan de ta opp dette med helsestasjon før flytting.

Nasjonalt vaksinasjonsregister SYSVAK

Alle vaksinar som barnet får gjennom barnevaksinasjonsprogrammet, blir registrert i SYSVAK. Føremålet med SYSVAK er å halde oversikt over vaksinasjonsstatus hjå den enkelte, og å følgje med på vaksinasjonsdekninga på landsbasis. Det er ikkje mogleg å reservere seg mot registrering av vaksinasjon.

Nyttige informasjonsbrosjyrar og lenkjer

Utvikling

Tilrådingar for å førebygge skeivt hovud og favorittside

Barns føtter

Film om barns motoriske utvikling 0-15 månader

Samspel

Din fantastiske baby - Film, Stine Sofie stiftelsen

Sjå kva eg ser - om barnet si sosiale utvikling

Psykiske reaksjonar i svangerskap og barseltid

Alkohol kan skape utryggleik hos barnet

I trygge hender - Film

Tips til foreldre om mobilbruk

Tannhelse

Puss, puss frå første tann

Film om tannhelse på ulike språk

Amming/ernæring/kost

Mat og måltid for spedbarn

Nye råd om D-vitamintilskot og tran til spedbarn

Born under eitt år bør ikkje ete honning

Informasjonsbrosjyre om D-vitamindråpar

Korleis du ammar ditt barn, nokre råd den første tida

Kostråd frå helsedirektoratet

Video om amming

Ammehjelpen

Helsenorge - etter fødsel/amming - om amming, oppbevaring av morsmelk, samt brosjyrar om amming på ulike språk

Matportalen - om mormelkerstatning

Matportalen - om ernæring til barn

Trygg Mammamedisin - om trygg medisinbruk under amming

Breast feeding attachment - movie

Måltidet - ein verdi å ta vare på

Vaksinar

Folkehelseinstituttet - om vaksinasjon

Vaksinasjon, ein foreldrebrosjyre

Sjukdommar barnet ditt vert tilbydd vaksine mot

Filmar om barnevaksinasjon - Folkehelseinstituttet

Førebygging av ulykker/tryggleik i heimen

Når barnet skadar seg, råd til småbarnsforeldre om førstehjelp

Barns miljø og tryggleik 0-6 månadar

Barns miljø og tryggleik 6 månadar - 2 år

Forgiftingar kan unngåast

Trygt sovemiljø for spedbarnet

Giftinformasjon - helsenorge

Giftplakat

Riktig beltebruk

Tryggtrafikk - om sikring av barn i bil

Gode råd til foreldre

Når barnet ditt har ørebetennelse

Når barnet ditt har feber

Gode råd for god reise

Foreldrehverdag - svært nyttige tips og råd om foreldreskap, basert på foreldrerettleiingsprogrammet ICDP

Voksne for Barn - råd rundt mange ulike tema

Barnevakten - om barn og medier

Statens strålevern mot solbeskyttelse

Kva bør eg vite når barnet mitt går på nett?

Småbarn og skjermbruk

For ungdom

Festrelatert voldtekt


Sist oppdatert: 21.07.2022
Publisert: 28.06.2018