RS-virus (respiratorisk syncytialvirus) er eit luftvegsvirus som ofte rammar vaksne og barn om vinteren, oftast mellom november og mars. Viruset gir hos dei fleste forkjølingssymptom med hoste, tett og/eller rennande nase og eventuelt feber. 60-70 prosent av alle barn gjennomgår ein RS-infeksjon i første leveår. Hos nokre spedbarn og småbarn, særleg dei under 2 år, kan likevel det som startar som ei RS-forkjøling etter nokre dagar trekkja ned i lungene og gi bronkiolitt.
Barnet får då rask og anstrengt pust, hostar mykje, blir slapp og kan eta dårleg. Som oftast har barnet feber samtidig. Foreldre som er bekymra for barnet sitt, må oppsøkja lege.
Generelt bør terskel for å kontakta lege vera lågare jo yngre barnet er.
Foreldre blir oppmoda til å kontakta lege ved bekymring for det sjuke barnet sitt, til dømes på grunn av slappheit, feber, anstrengt pust, tungpust eller når barnet ikkje et. Hos barn som blir amma, kan ein merka at barnet et lite ved at det har tørre bleier og/eller mor får mjølkespreng.