Klage på helse- og omsorgstenester

Kva kan du klaga på?

  • at du ikkje har fått tilbod om den tenesta du ønskjer
  • forhold ved tenesta som du ikkje er nøgd med
  • kritikkverdige forhold
  • sakshandsaminga
Klaga på eit vedtak?

Du kan klaga på vedtaket vårt, dersom du ikkje får helse- og omsorgstenester som du sjølv meiner du har krav på. Du kan klaga innan tre veker etter at du fekk det endelege vedtaket på søknaden din.

Sidan klagen mest sannsynleg inneheld sensitive opplysningar om deg, er det ikkje trygt å sende klagen på e-post. Klagen kan du levera på Samnangerheimen, senda i posten til Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 Tysse, eller senda digitalt til kommunen via den sikre løysinga eDialog.

Når me får klagen, må me gå gjennom vedtaket på nytt og vurdera ei endring. Dersom me ikkje endrar vedtaket, sender me klagen din vidare til Statsforvaltaren i Vestland.

Trykk her for å lese meir om klage på helse- og omsorgstenester

Klaga på ei teneste du mottar?

Er du ikkje nøgd med tenesta du får, til dømes på sjukeheimen, bør du først og framst ta kontakt med leiinga ved sjukeheimen. Ver tydeleg på kva du ikkje er nøgd med og ønskjer at me skal endra.

Dei som mottar klagen din, må undersøkja saka og endra tilbodet dersom det ikkje er godt nok. Får du ikkje medhald, kan du sjølv senda ein skriftleg klage til Statsforvaltaren i Vestland. 

Trykk her for kontaktinformasjon til Statsforvaltaren i Vestland

Får du medhald, kan Statsforvaltaren starta ei tilsynssak. Då må kommunen utbetra eventuelle feil. Får du ikkje medhald frå Statsforvaltaren kan du klaga til Sivilombudsmannen.

Trykk her for å gå til nettsidene til Sivilombudsmannen.

Treng du hjelp?

Treng du hjelp til å klaga? Ta kontakt med eining for pleie og omsorg. 

Eining for pleie og omsorg - Samnangerheimen

Les meir


Sist oppdatert: 21.07.2022
Publisert: 21.08.2018