Val 2021

Logo val 2021

I 2021 var det Stortings- og Sametingsval.
Valdagen i Samnanger var måndag 13. september.  

Trykk her for å lesa generell informasjon om stortingsvalet på valg.no  

Trykk her for å lese generell informasjon om sametingsvalet på sametinget.no

For meir informasjon om valet i Samnanger, klikk på menyen under 

Valresultat for Samnanger

Trykk her for informasjon på valgresultat.no.

Er du manntalsført og har du røysterett i Samnanger kommune?

Dersom du er norsk statsborgar, er eller har vore registrert som folkeregistrert busett i Norge og er fødd før 31.12.2003, så har du røysterett til Stortingsvalet.

Alle med røysterett skal vera ført inn i manntalet, men det finst to unntak. Dette gjeld personar med hemmeleg adresse og dei som har vore utanlandsbuande i meir enn 10 år.

Alle personar med røysterett blir automatisk førte i manntalet i den kommunen der dei var registrert som busette per 30.06.2021. Dersom du har flytta til ein annan kommune etter 1. juli, er du framleis registrert i manntalet og har røysterett i den kommunen du flytta frå. Då kan du berre førehandsrøyste i den kommunen du har flytta til.

Manntalet for Samnanger vert lagt ut i veke 28, på følgjande stader: 

  • Ekspedisjonen i kommunehuset på Tysse
  • Biblioteket på Bjørkheim
  • Kiwi-butikken på Bjørkheim
  • Spar-butikken på Bjørkheim

Manntalet vert liggjande ute fram til valdagen. Du kan kontrollera at du står oppført i manntalet, enten ved å sjekka i manntalet sjølv eller ved å ringja til Servicesenteret på kommunehuset på telefon 56 58 74 00.  

Dersom du ikkje står i manntalet, eller om det er andre feil, kan du klaga skriftleg til Samnanger valstyre, Tyssevegen 217, 5650 Tysse. E-post: postmottak@samnanger.kommune.no

Sametingsmanntalet vil ikkje verta lagt ut til offentleg ettersyn, då det er registrert under 30 personar i dette manntalet i Samnanger kommune.
Ta kontakt med servicesenteret dersom du vil sjekke om du står i sametingsmanntalet.  

Tidlegrøysting frå 1. juli til 9. august

Er du forhindra i å røysta på valdagen 13. september eller førehandsrøysta etter 10. august, kan me tilretteleggja slik at du kan røysta frå 1. juli til 9. august på Servicesenteret på kommunehuset på Tysse. Tilbodet gjeld i opningstida på vekedagar, kl. 09:00 - 15:00. 

Personar som ønskjer å tidlegrøysta, bør helst kontakta kommunen på telefon 56 58 74 00 for å avtala tid.  

Førehandsrøysting frå 10. august til 10. september

Du kan førehandsrøysta frå og med tysdag 10. august og til og med fredag 10. september ved vallokale i alle kommunar i landet.

Tilgjengelege vallokale finn du på valglokaler.no

Førehandsrøysting kan skje på servicesenteret på kommunehuset på Tysse kvar arbeidsdag frå 10. august til 10. september mellom kl 09:00 og 15:00.

Andre stader du kan førehandsrøysta: 

Dag/dato Stad Tidspunkt
Laurdag 28. august  Biblioteket på Bjørkheim  10:00 - 14:00
Torsdag 2. september  Biblioteket på Bjørkheim  15:00 - 19:00
Laurdag 4. september  Biblioteket på Bjørkheim  10:00 - 14:00
Torsdag 9. september  Biblioteket på Bjørkheim  15:00 - 19:00
Førehandsrøysting på Samnangerheimen

Det vil verta høve til førehandsrøysting på Samnangerheimen for bebuarane der. Dato for dette er 07.09.2021. 

Det vil også vera mogleg for andre enn beburarane å førehandsrøysta på Samnangerheimen. Dette gjeld for eksempel tilsette ved sjukeheimen. 

eljarar som grunna sjukdom, er uføre, har isolasjonsplikt eller er i karantene som følgje av covid-19 og som ikkje har høve til å førehandsrøysta på ordinær måte, kan søkja om å få røysta heime. 

Fristen for å søkja er sett til fredag 10. september kl. 10:00. Ta kontakt med servicesenteret på kommunehuset på tlf. 56 58 74 00 eller e-post: postmottak@samnanger.kommune.no

Førehandsrøysting i heimen

Veljarar som grunna sjukdom, er uføre, har isolasjonsplikt eller er i karantene som følgje av covid-19 og som ikkje har høve til å førehandsrøysta på ordinær måte, kan søkja om å få røysta heime. 

Fristen for å søkja er sett til fredag 10. september kl. 10:00. Ta kontakt med servicesenteret på kommunehuset på tlf. 56 58 74 00 eller e-post: postmottak@samnanger.kommune.no

Røysting på valdagen 13. september

På valdagen 13. september må du røysta i heimkommunen din (den kommunen du var registrert i folkeregisteret som busett 30. juni 2021). 

Vallokala i Samnanger på valdagen 13. september:

Krins Røystestad Opningstid
Nordbygda Samnanger folkebibliotek 10:00 - 21:00
Gjerde Storstova på Samnangerheimen 10:00 - 21:00
Tysse Samnanger ungdomsskule 10:00 - 21:00

 

Røysting heime på valdagen 13. september

Veljarar som er manntalsførte i kommunen, og som er i karantene eller isolasjon grunna covid-19 og som ikkje kan røysta på ordinær måte, kan ved dette stortingsvalet røysta heime på valdagen.

Fristen for å søkja er sett til måndag 13. september kl. 10:00. Ta kontakt med servicesenteret på kommunehuset på tlf. 56 58 74 00 eller e-post: postmottak@samnanger.kommune.no. 

Kva må eg ha med til røystelokalet?

Vallova seier at ein veljar som er ukjend for røystemottakar skal legitimera seg. Ta derfor med legitimasjon når du skal røysta, både ved førehands- og valdagsrøysting. Legitimasjon kan til dømes vera pass, førarkort eller bankkort med bilete.

Dersom du oppheld deg på ein institusjon som sjukeheim, sjukehus eller fengsel, kan du få ein tilsett ved institusjonen til å stadfesta identiteten din.

Ta med valkortet i tillegg. Det lettar arbeidet for valfunksjonærane, og det går raskare for deg å røysta. Har du gløymt valkortet, får du likevel røysta.

I år vert valkortet sendt til din digitale postkasse eller til Altinn. Dersom du har reservert deg mot, eller ikkje nyttar digital informasjon frå det offentlege, får du valkortet ditt tilsendt på papir.

Valstyret

Valstyret i Samnanger har hovudansvaret for gjennomføringa av valet i kommunen. 

Trykk her for oversikt over kven som sit i valstyret


Sist oppdatert: 11.09.2023
Publisert: 18.06.2021