Skuleskyss

Har du rett til gratis skuleskyss?

Desse elevane har rett på gratis skuleskyss:

  • Elevar i 1.–4. klasse som har meir enn to kilometer til skulen.
  • Elevar i 5.–10. klasse som har meir enn fire kilometer til skulen.
  • Elevar med særleg farleg eller vanskeleg skuleveg.
  • Elevar med funksjonshemming og mellombels skade eller sjukdom.

Lengda på skulevegen vert målt i gåavstand frå døra heime til døra på skulen.

Trykk her for meir informasjon om retten til skuleskyss frå Statsforvaltaren i Vestland

Slik søkjer du

Det er fylkeskommunen har ansvar for skuleskyss til elevar i grunnskulen, men foreldre og elevar treng ikkje å forhalda seg til andre enn skulen sin.

Rektor eller skyssansvarleg på kvar skule bestiller skuleskyss til alle elevar i grunnskulen.

Kva kan du bruke skulekortet til?

Elevar som har rett på fri skuleskyss får Skyss skulekort. Det er skulen som deler ut kortet.

Skyss skulekort gjeld:

  • for to reiser kvar skuledag
  • mellom klokka 05.00 og 19.00
  • ikkje i helger og feriar
  • for maksimalt 190 skuledagar

Har du funksjonshemming, mellombels skade eller sjukdom?

Elevar med funksjonshemming eller mellombels skade eller sjukdom, kan få drosje i staden for buss. Er dette aktuelt for barnet ditt, må du dokumentera behovet med legeattest og levera dette til rektor på skulen.

Har du særleg farleg eller vanskeleg skuleveg?

Elevar som har særleg farleg eller vanskeleg skuleveg, har rett til fri skuleskyss utan omsyn til veglengda. Elevar som har særlege behov eller vanskar for å greie seg i det vanlege trafikkbildet på skulevegen sin, kan også ha denne retten.

Dersom du meiner at skulevegen for barnet ditt er særleg farleg eller vanskeleg, kan du søkja kommunen om fri skuleskyss. Søknaden sender du til skulen. Kommunen vurderer søknaden ut frå forholda på den aktuelle vegstrekninga, og ut frå dei føresetnadene eleven har.

Statens vegvesen har utarbeida ein rapport med risikovurdering av skulevegane i Samnanger kommune. Denne analysen ligg til grunn når ein skal vurdera søknadane om fri skuleskyss på grunn av særleg farleg eller vanskeleg skuleveg.
Rapportane finn du her:

Statens vegvesen, risikovurdering av skuleveg i Samnanger kommune

Går du på friskule?

Elevar i friskular har rett til fri skuleskyss etter same reglane som elevar i grunnskulen. Det er likevel viktig å vere merksam på at retten berre gjeld innanfor heimkommunen – eller til kommunegrensa.

Klage på vedtak om skuleskyss

Vedtak om fri skuleskyss er enkeltvedtak. Du kan klaga på det endelege vedtaket til skulen. Me har ikkje eit eige skjema for dette, så det er nok at du skriv eit brev og sender det til skulen.


Sist oppdatert: 20.07.2022
Publisert: 07.06.2018