Skulestart

Skulestart

Innskriving og tildeling av skuleplass

Alle barn har rett og plikt til opplæring frå det kalenderåret dei fyller seks år. Alle 6-åringar i kommunen får skriftleg melding om tid og stad for innskriving på Samnanger barneskule.

Barneskulen i Samnanger kommune inviterer til innskriving i februar. Saknar du invitasjon til innskrivinga? Ta kontakt med rektor.

Me har flytta til Samnanger kommune etter innskrivinga. Kva gjer me?

Flyttar de til Samnanger kommune etter innskrivinga, og har ein komande 1. klassing med på lasset? Ta kontakt med barneskulen.

Kan eleven gå på ein skule han/ho ikkje soknar til?

Det kan vere særskilde grunnar til at ein elev og foreldre ønskjer skulestad i ein annan kommune. Foreldra tek då kontakt med kommunen ved oppvekst, der ein får informasjon og rettleiing.

Søknader vert handsama av kommunen etter reglane om enkeltvedtak, og følgjer kommunal prosedyre.

Tidleg eller utsett skulestart

Slik søkjer du om tidleg skulestart

For at ditt barn skal få ta til på skulen eitt år tidlegare, må barnet vere fylt 5 år innan 1. april, og du må søkje om eller samtykke til dette.

Slik går du fram:

  1. Be om ei sakkunnig vurdering frå Pedagogisk-psykologisk teneste (PPT).
  2. PPT når du slik: Send ein e-post til kari.kallevik.hjartnes@samnanger.kommune.no. Ikkje del sensitive opplysningar om barnet ditt på e-post. Det er nok at du ber om ei sakkunnig vurdering og fortel kven du er og korleis PPT kan nå deg.

Slik søkjer du om utsett skulestart

Slik går du fram:

  1. Be om ei sakkunnig vurdering frå Pedagogisk-psykologisk teneste (PPT).
  2. PPT når du slik: Send ein e-post til kari.kallevik.hjartnes@samnanger.kommune.no. Ikkje del sensitive opplysningar om barnet ditt på e-post. Det er nok at du ber om ei sakkunnig vurdering og fortel kven du er og korleis PPT kan nå deg.
  3. Lever vurderinga til rektor, saman med søknad om utsett skulestart. Me har ikkje eit eige skjema for dette, så det er nok at du skriv eit brev.
  4. Rektor skal uttala seg om saka og senda ho vidare til endeleg avgjerd hos sektorleiar for oppvekst.

Dersom det, etter vurderinga til PPT, er tvil om at barnet ditt har kome langt nok i utviklinga til å starta på skulen, har du rett til å be om utsett skulestart i eitt år.

Overgang frå barneskule til ungdomsskule

Elevar skal oppleva at det er ein samanheng mellom det som skjer på barneskulen og i fortsetjinga på ungdomsskulen. Difor har skulane i Samnanger kommune felles rutinar for å sikre det gode samarbeidet. Rutinane skal gje elevar og foreldre ein trygg overgang, og skulane tilgang til viktig informasjon. 

  Overgang barnetrinn-ungdomstrinn pr 04.02.2021.pdf

 

Kan eleven gå på ein skule han/ho ikkje soknar til?

Det kan vere særskilde grunnar til at ein elev og foreldre ønskjer skulestad i ein annan kommune. Foreldra tek då kontakt med kommunen ved oppvekst, der ein får informasjon og rettleiing.

Søknader vert handsama av kommunen etter reglane om enkeltvedtak, og følgjer kommunal prosedyre.


Sist oppdatert: 26.04.2024
Publisert: 20.04.2018