HeimNyheiterFotoregistrering av eldre bygningar

Fotoregistrering av eldre bygningar

Registreringa inngår i Riksantikvarens miljøovervakingsprogram «Status for verneverdige kulturminne i utvalde kommunar».


Kva skal registrerast?

Kartlegginga vil omfatta tidlegare SEFRAK-registrerte* bygningar frå før 1900, og dessutan bygningar frå 1900-talet som gjennom kommunale planar er verdsett som verneverdige.


Korleis blir registreringa gjennomført?

Registreringa er utvendig og visuell og vil gjennomførast raskt. Det blir teke 3-5 eksteriørbilete av fasadane til bygga. Det er ikkje føresett at registrator skal snakka med huseigar. Dersom registrator har behov for å gå inn på privat grunn, vil vedkommande ringja på og identifiserer seg når han/ho kjem. Det skal registrerast ca. 300 bygningar i Samnanger, og me ber om forståing for at det vil vera praktisk umogleg å skulla gjera avtalar med alle eigarar på førehand.


Kva betyr dette for huseigar?

Registreringa vil ikkje få nokon konsekvensar for huseigar. Me skal ikkje vurdera verneverdi eller spørsmål knytt til kommunal byggjesaksbehandling, eigedomstaksering eller liknande.


Kven registrerer?

Asplan Viak utfører registreringsjobben i Samnanger. Firmaet er eit av Noregs største,rådgivande ingeniør- og arkitektfirma. Registratorane ber gule vestar merka “Kulturminneregistrering”. Huseigarane blir varsla gjennom annonse i lokalpressa og informasjon på nettsida til kommunen.

 

Ved spørsmål, kontakt:

Harald Tallaksen, Asplan Viak: harald.tallaksen@asplanviak.no
Ståle Arfeldt Bergås, Riksantikvaren: staale.arfeldt.bergaas@ra.no

 


* SEFRAK-registeret er Riksantikvarens landsdekkjande register over nærare 500 000 bygningar eldre enn 1900, og dessutan yngre bygningar i nordlege område. SEFRAK-registeret gir ikkje automatisk vernestatus eller restriksjonar på kva som kan gjerast med bygningen


Sist oppdatert: 23.05.2024
Publisert: 23.05.2024