HeimNyheiterOppstart reguleringsplan: Fv. 49 Steinsdalen-Eikedalen, skredsikring Tokagjelet

Oppstart reguleringsplan: Fv. 49 Steinsdalen-Eikedalen, skredsikring Tokagjelet

Dagens fylkesveg 49 gjennom Tokagjelet er svært skredutsett. Skredfaren medfører risiko for tap av liv og helse for stengt veg. Dette kan få konsekvensar for samfunnstryggleik og beredskap og framkomme på vegen. Fylkeskommunen skal utarbeide reguleringsplan for gjennomføring av skredsikring av Tokagjelet.

Planarbeidet handlar om ny tunnel på ca 10 kilometer frå Steinsdalen i Kvam herad til Eikedalen i Samnanger kommune. Det blir planlagt for gang- og sykkelveg mellom Teigabergtunnelen og Fossenbratte i Eikedalen. Arbeidet med tunnelen gir store mengder overskotsmassar. I planarbeidet skal ein ta med område til massedisponering, og område for mellombels bygge- og anleggsområde.

 

Sidan det er Fylkeskommunen som er ansvarleg for planarbeidet ligg all informasjon tilgjengeleg på deira nettside:

https://www.vestlandfylke.no/tokagjelet

Har du innspel til planarbeidet?

Fylkeskommunen ynskjer lokal medverknad i tidleg fase, og difor legg dei til rette for ein digital innbyggjardialog. Her kan grunneigarar og bebuarar i området peike på punkt som har utfordringar, og teikne inn areal som det bør takast spesielle omsyn til i planlegginga. Fristen for innspel til oppstartsmeldinga er 31. august 2023.

Her kan du gje innspel til planarbeidet fv. 49 Steinsdalen-Eikedalen, skredsikring Tokagjelet.


Sist oppdatert: 29.06.2023
Publisert: 29.06.2023