HeimHelse, sosial og omsorgInfluensa og pneumokokksjukdomVaksine mot lungebetennelse/pneumokokksjukdom

Vaksine mot lungebetennelse/pneumokokksjukdom

Mange av dei som vert anbefalt korona- og influensavaksine, og alle over 65 år, vert også anbefalt vaksine mot pneumokokksykdom som kan gje alvorleg lungebetennelse. Denne vaksinen vert anbefalt kvart 6. år.
Vaksine mot lungebetennelse kan takast samstundes med influensavaksinen.

Snakk med fastlegen din om du er usikkert på om du er i risikogruppe og burde ta vaksinen.

 

Kva er pneumokokkar?

Pneumokokkar er bakteriar som finst naturleg i nase og svelg, spesielt hos friske born.
Smitte skjer gjennom nærdråpesmitte (som hoste, nysing og liknande) frå person til person. Dei fleste blir ikkje sjuke, men nokon personar har større risiko for alvorleg pneumokokksjukdom dersom dei blir smitta. Det finst mange typar pneumokokkbakteriar, og nokon gjer oftare sjukdom enn andre.
Pneumokokkar kan til dømes gje lungebetennelse, øyrebetennelse eller bihulebetennelse, men kan også gje eit alvorlegare sjukdomsløp som blodforgiftning (sepsis) eller hjernehinnebetennelse (meningitt).
Alvorleg pneumokokksjukdom gjer høg risiko for død.

Mange av dei som vert anbefalt korona- og influensavaksine, og alle over 65 år, blir også anbefalt vaksine mot pneumokokksjukdom. Denne vaksinen blir anbefalt kvart 6. år.

Snakk med fastlegen din om du er usikker på om du er i risikogruppe og burde ta vaksinen. I såfall kan den takast samstundes med influensavaksinen.
Informasjon om prisar samt tid og sted for influensavaksinering finn du under influensa og influensavaksinering.

Du kan lesameir om pneumokokksjukdom og vaksine inne på folkehelseinstituttet.

 

Pneumokokkvaksine er anbefalt til:

  • Alle personar over 65 år.

  • Personar med sjukdom som gjer immunsvikt eller som bruker medisinar som svekkar immunforsvaret. Vaksinen er også anbefalt ved fleire kroniske sjukdommar og enkelte andre sjukdommar som gjer auka risiko for pneumokokksjukdom. Snakk med fastlegen din om du har ein sjukdom som utgjer auka risiko for alvorleg pneumokokksjukdom.  
  • Personar som gjennom sitt yrke har auka risiko for smitte som laboratoriepersonell og personar som eksponerast for sveiserøyk

Sist oppdatert: 23.10.2023
Publisert: 11.10.2021