HeimHelse, sosial og omsorgMiljøretta helsevernFrisør, hudpleie og holtaking

Frisør, hudpleie og holtaking

Alle lokale der det vert utført perforering/holtaking i hud skal vera godkjende. Dette gjeld all kosmetisk behandling som penetrerer huda.

Det er meldeplikt for alle lokale som nyttast til frisør- eller hudpleieverksemd. Du må melda frå til kommunen  ved oppstart og ved vesentlege endringar.

Krav

Forskrift om hygienekrav for frisør-, hudpleie, tatoverings og hulltakingsvirksomhet stiller krav om at tatoverings- og holtakingsverksemd berre skal føregå i godkjende lokale. 
Dette gjeld all kosmetisk behandling som penetrerer huda, også for eksempel frisørsalongar som tar hol i øyrene, og makeup-salongar som utførar permanent makeup, microblading eller microneedling.

Den som eig eller driv slik verksemd er ansvarleg for at verksemda vert driven på ein hygienisk tilfredsstillande måte for å hindra overføring av smittsame sjukdommar.

Tilsyn

Kommunen fører tilsyn med verksemdene.

Kva kostar det?

Det er ei kommunal teneste og er gratis for kommunale og private aktørar.

Kontakt

Servicesenteret: 

Kva seier lova?

Forskrift om hygienekrav for frisør-, hudpleie, tatoverings og hulltakingsvirksomhet


Sist oppdatert: 21.07.2022
Publisert: 13.09.2019