Solceller

Installasjon av solcelleanlegg – når vert det søknadspliktig ?

Som hovudregel er solenergianlegg å sjå på som ein bygningsteknisk installasjon som er søknadspliktig etter plan- og bygningslova (pbl.) § 20-1 fyrste ledd bokstav f, jf. pbl. § 20-2.

Det følgjer likevel av byggjesakforskrifta (SAK10) § 4-1 fyrste ledd bokstav e nr. 4 at installering av enkle installasjonar i eksisterande byggverk innanfor ei brukseining eller branncelle er unnateken frå kravet om byggjesaksbehandling. Dette gjeld dersom tiltaket ikkje er i strid med føresegnene i lova med tilhøyrande forskrifter, arealdelen og reguleringsplanen i kommuneplanen, løyve eller anna regelverk.

Installering av solenergianlegg i eksisterande byggverk innanfor ei brukseining eller branncelle, til dømes på tak eller vegg på einebustad, vil i mange tilfelle vera ein enkel installasjon som er unnateken frå kravet om søknadsplikt.
Likevel er det slik at solenergianlegg kjem i mange former og storleikar, som må takast i betraktning ved vurdering av om unntaket frå søknadsplikt kan nyttast. Det følgjer derfor av rettleiinga til SAK10 § 4-1 fyrste ledd bokstav e nr. 4 at «ved vurdering av om ein installasjon er enkel skal det leggjast vekt på omfanget av installasjonen, vanskegrad, faglege kvalifikasjonar som blir kravde og konsekvensar av eventuelle feil. Vurderinga må ta utgangspunkt i storleiken på anlegget og ikkje storleiken på bygget.»

Spørsmål om eit solenergianlegg medfører ei søknadspliktig fasadeendring kan òg vera relevant å vurdera.

Montering av solcelleanlegg på tak eller vegg på bygg med fleire brukseiningar, vil vera søknadspliktig sidan installasjonen ikkje skjer «innanfor ei brukseining», jf. vilkåret i SAK10 § 4-1 fyrste ledd bokstav e nr. 4


Sist oppdatert: 25.01.2023
Publisert: 25.01.2023