Høyring – lokal forskrift
Intensjonen med forskrifta er å gjere det lettare å setje seg inn i bakgrunnen for gebyr som er knytt til feie- og tilsynstenester. Forskrifta følgjer dei noverande lovene, og lagar ikkje nokon nye forhold som gjeld berre for Samnanger kommune. Frist for merknader og innspel er sett til utgangen av fredag 12.08.2022.
Innspel kan leverast fysisk i servicesenteret på kommunehuset, sendast på e-post til post@samnanger.kommune.no, eller via løysinga eDialog.