HeimNyheiterTilskotsordningar - Kultur

Tilskotsordningar - Kultur

Investeringstilskot for kulturhus/ungdomshus og korona-tiltak

Det er sett av kr. 500 000 frå kulturfondet til ei midlertidig ordning med følgjande føremål (utdrag):
1. Frivillige lag og organisasjonar m.fl. som har økonomiske utfordingar grunna koronapandemien kan søka om støtte.
2. Eigarar av kulturhus/ungdomshus kan søka om støtte til investeringstiltak.
Søknadsfrist 20. mars.

Fritidstilskot til barn og unge 6-18 år

Samnanger kommune er opptatt av at alle barn som ønsker skal få delta i fritidsaktivitetar uavhengig av økonomisk situasjon.
Det at barn og unge får delta i fritidsaktivitetar er ei viktig kjelde til fellesskap, identitet og meistring.
Tilskotsordninga er for familiar som opplever at barnet/barna deira ikkje kan delta i fritidsaktivitetar av økonomiske årsaker.
Ordninga er tillitsbasert. Det vert ikkje stilt krav til dokumentasjon av privatøkonomi.
Ingen søknadsfrist.
Kulturmidlar
Personar, organisasjonar, lag/foreningar, grupper og institusjonar som driv kultur- og fritidsarbeid kan søkja.
Ein kan søka driftstilskot til lag og organisasjonar, tilskot til tilskipingar og tilskot til kulturminne.
Søknadsfrist 20. mars.

Vilt- og fiskefondet

Fondet har som mål å fremja fisk-, vilt- og friluftsformål som grunnlag for helsefremjande, trivselsskapande og miljøvenlege fritidsaktivitetar i Samnanger kommune.
Privatpersonar, frivillige organisasjonar og offentlege instansar kan søka om tilskot.
Søknadsfrist 1. april.

Tilskot til ungdomstiltak

Tilskotet skal brukast til å styrka oppvekstmiljøet til barn og unge i aldersgruppa 13-18 år, som bur i Samnanger kommune. Tiltaka skal bidra til fritidsaktivtetar eller fritidstilbod for målgruppa. Frivillige lag og organisasjonar, grupper, klubbar og einskildpersoner kan søka.
Søknadsfrist 20. mars.


Trykk her for meir informasjon, søknadsskjema, vedtekter og retningsliner for ordningane.


Sist oppdatert: 18.03.2024
Publisert: 18.03.2024